Dan-Erik Aggvin

Dan-Erik Aggvin

Journalist/fotograf på Statoil Norgescup?

Postet av Dan-Erik Aggvin den 16. Des 2015

Er du journalist eller fotograf og ønskjer å kome til Statoil Norgescup på Steinkjer? Meld frå til presseansvarleg Dan-Erik Aggvin på dan-erik@aggvin.no eller telefon 924 77 147 med namn, medium, e-post og mobilnummer. Då kan vi ta oss skikkeleg av deg når du kjem.

Kongehytta på Steinkjer skistadion vert pressesenter. Der vil du kunne varme deg mellom slaga. Du vil også få nettilgang, kaffi og noko å bite i. Det gjer at det er viktig for oss å vite at og når du kjem.

Media vil stort sett ha fri tilgang på arenaen, så lenge de ikkje går i løypene eller i vegen for avviklinga av arrangementet. Vi ønskjer at fotografar brukar vest så det er lett å sjå at de er frå media. Ta kontakt når de kjem til arenaen for å få utlevert vest om du ikkje har dette.

Hjarteleg velkomen til Steinkjer skistadion, der det vert mange framtidige stjerner å sjå i aktivitet.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline